Innlandstrafikk har sett på utfordringane med lang reisetid for elevar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Otta som bur i Dovre og Lesja.
Frå måndag 21. oktober 2024 blir det gjort endringar på linje 144 Otta-Bjorli for å imøtekomme elevanes tilbakemelding om lang reisetid.
Bussen køyrer no meir direkte enn tidlegare, og reisetida blir 13 minutt kortare på heimturen.
«Vi håper dette blir ei god løysning for elevane innanfor det handlingsrommet vi har, og så får vi evaluere etter kvart», seier Lars Baukhol seksjonssjef Innlandstrafikk.
For meir informasjon om rutetidene sjå Entur, rutetabell på nettsida vår eller kontakt kundesenteret på tlf. 02040.