Rekordstor auke i talet på bussreisande

Trafikken på dei ordinære bussrutene til Innlandstrafikk auka med over 340 000 reiser i fjor.

Buss i bygate med ventende passasjerer som skal gå på. - Klikk for stort bildeBybussane i dei tre største mjøsbyana har hatt auke i passasjertrafikken. Innlandstrafikk

Talet på reisande som ikkje var skuleelevar auka med 5,3 prosent frå 2023 til 2024. 

Dette er den største passasjerauken sidan Innlandstrafikk vart oppretta i 2020. 

Nesten 7 millionar reiser

Til saman var det over 6,9 millionar ordinære bussreiser i regi av Innlandstrafikk i fjor.

- Dette er kjempegode nyheiter. Det gir sterk motivasjon til å fortsetje jobben for å få ned klimagassutslepp og gjere buss til eit reelt transportalternativ for fleire i det daglege, seier Iselin Vistekleiven (Ap). 

Sittende dame - Klikk for stort bildeIselin Vistekleiven leiar hovudutvalet for samferdsle og er nøgd med dei gode tala for busstrafikken i 2024. Kari Hermanrud

Ho er leiar i hovudutvalet for samferdsle i Innlandet fylkeskommune.

I tillegg til dei vel 6,9 millionane ordinære reisene, var det 4,9 millionar skulereiser med buss i regi av Innlandstrafikk i 2024.

Populære regionlinjer

Mange av busslinjene som bind fleire regionar saman, hadde ein sterk vekst i talet på passasjerar i fjor. Til saman auka passasjertalet på desse bussane med åtte prosent.

Linje 105 mellom Hamar og Kongsvinger hadde den største auken i passasjertalet. Der auka trafikken med over 34 000 reiser i fjor. Det er ein auke på 12 prosent.

Linje 100 mellom Elverum, Hamar og Gjøvik hadde ein vekst i talet på reiser med 13 prosent, og nesten like mange fleire reisande som linja mellom Hamar og Kongsvinger. Linje 142 mellom Lillehammer, Otta og Bismo hadde og ein auke på 13 prosenst i talet på reisande i fjor.

Meir informasjon om kollektivtrafikk i din kommune eller region, finn du på Innlandsstatistikk

3,8 millionar med bybuss

Trafikken med bybussane i dei tre største byene; Gjøvik, Hamar og Lillehammer, utgjorde over 3,8 millionar enkelreiser i 2024. Talet på reiser på bybusslinjene i desse tre byane auka med til saman nesten 165 000 reiser i 2024.

Talet på reiser med bybuss auka med åtte prosent i Hamar, fire prosent i Gjøvik og to prosent i Lillehammer.

Billett på mobilen

Statistikken viser at over halvparten av reisene blir kjøpt med mobiltelefonen. Om lag 40 prosent av reisene blir kjøpt på bussen.

Innlandstrafikk vann Kollektivprisen 2024 for arbeidet med å få passasjerane til å bruke reiseplanleggjaren Entur. I denne appen kan dei reisande sjå når bussen går, kjøpe billett og kombinere ulike transportmiddel.

Passasjerane kan framleis kjøpe billettar på bussen eller bruke det elektroniske reisekortet
Innlandskortet.